ANSA Austerrike: God Jul alle saman!

Julelysa på Graben i Wien

Julelysa på Graben i Wien

Med eit stemningsbilete frå Graben, som er den mest profilerte gata i Wien, og som har dei flottaste julelysa, seier me her i Austerrike god jul til alle saman! Akkurat no er nok dei fleste av oss heima i Noreg, men djupt i ANSAhjartene våre gler  me oss til neste år med mykje i vente for oss her i Austerrike.

Desember har vore full av Punsch, Nikolo og Krampus sjokolade, galne folk ute på shopping, og ikkje minst eksamenar og anna førjulsstress – no sit me heima framfor TVen hos ho mamma og ser på tre nøtter til Askepott. Hurra! Ei veke att av 2013!

Juleklemmar frå ANSA Austerrike – i Noreg!