ANSA Østerrike: Lazermaxx! Wa pa pa pa pa-pa pow!

gui-1
Året vårt har vorte kickstarta med eit eksplosivt eventyr av dei særs fiendtlege, det var Noreg mot resten av Verda då me hadde fyrste samlinga vår den 10 Januar. Me fann ut at det kanskje er fint å få ut litt aggresjon no rett før eksamenstida, så å springa rundt å skyta på folk høyrtes flott ut.

Miriam og Eleni skjekker utstyret, mens Tron passar på

Miriam og Eleni skjekker utstyret, mens Tron passar på


To gonger 15 minutt med krig er ganske slitsomt! Eg er sikker på at vanlege krigførarar slepp å ha ljos som blinkar og lysar opp i mørkret, slik at det er umulig å ikkje sjå dei som står på lur.. men me gjorde det brukbart! Mange vart skotne, alle vart skotne PÅ, og til slutt var vel alle eigentleg gode, svette og klare for slush og solo. Ah, den som berre hadde hatt solo… (drøymer)

Me gler oss til neste eventyr allereide! No er det snart nytt semester, og me vonar at mange nye andlet dukkar opp på neste arrangement. 🙂

God helsing frå ANSA Austerrike!