ANSA Østerrike: Kva saknar du mest når du er heimanfrå?

2014-01-13 06.20.55
Wien er veldig bra for mange ting. Iblant dei finn me masse gode kaker, sjokolade, eplestrudel (seff), schnitzel, gulasj, øl, og så vidare. Men ein ting er dei ikkje så gode på her i Austerrike. Fisk. Det finnast nokre ‘lokale’ fiskeartar, som eg ikkje heilt forstår meg på. Kjem fisken frå Kroatia, kan man nokonlunde stola på han, men for det meste går det i frossen fisk, som ikkje heilt er favoritten. Og makrell/sild i tomat kan dei ikkje!

Makrell i tomat.. der er me nordmenn særeigne. Det finnast ikkje mange i verda som hoppar av glede når mamma sender hermetisert frukostfisk i pakke med kjærleik frå fedrelandet.

Luksus. Kva saknar de som les? 🙂