ANSA Slovakia: 9 kjappe fra 9 kjappe #9

Vi har spurt 9 medisinstudenter som sitter i ulike styreverv i ANSA Slovakia og ANSA Martin om å svare på 9 kjappe spørsmål om det å studere i utlandet. Her følger et mini-portrett av disse 9, følg med på bloggen for å lese alle intervjuene.

Namn og alder: 

Christina Linnea Holmberg

Christina elsker den Slovakiske naturen!


Christina Linnéa Holmberg, 22 år

Grunn for studieval:
Som barn var blod, plaster, sprøyter og skadar det kjekkaste eg visste, og eg fekk eit kick av å trene på bandasjering eller rydde førstehjelpsskrin. Interessa og kjærleiken for blod og bandasjar har faktisk ikkje endra seg så mykje med åra, men eg trur likevel eg må seie at det beste med denne utdanninga er at eg får hjelpe folk som er sjuke og har det vanskeleg, og eg får gjere mitt beste for å gi dei omsorg og trøyst. I tillegg er det jo kjekt med eit yrke som både er spanande og utfordrande!

Kvifor Slovakia?
Hovudsakeleg på grunn av den flotte naturen som gir gode moglegheiter for både skikøyring og fjellturar. Den kan sjølvsagt ikkje måle seg heilt med Norge, men det er likevel ei særdeles god erstatning!

I tillegg er det akkurat passeleg avstand til Norge; ikkje altfor nærme, men heller ikkje altfor langt vekk.

Kva er det beste ANSA gjør for nordmenn i utlandet?
ANSA er veldig flinke til å arrangere mange ulike sosiale samankomstar, og legg dermed til rette for at studentane skal få artige og sosiale opplevingar i studietida. I tillegg gir ANSA både informasjon dersom det er noko ein lurer på, og tryggheit og gode råd dersom det skulle oppstå vanskelege situasjonar.

Kvifor er du med i ANSA-styret?
For min del var ANSA Slovakia sin hausttur ein viktig grunn til at eg var fortare integrert i studentmiljøet heilt frå starten av, og derfor har eg lyst til å vere med på å legge til rette for at andre både skal føle seg integrert, vere sosiale og generelt ha ei kjekk og opplevingsrik studietid. I tillegg har eg utruleg sansen for arrangementa til ANSA Slovakia. Fjellturar, skikøyring og 17.mai-feiring er noko som eg personleg set veldig stor pris på, og da blir det ekstra kjekt å få vere med på å planlegge slike arrangement.

Dersom du var ansapresident, kva ville din hjartesak vore?
Å auke stipendandelen av skulepengestøtta slik at utanlandsstudentar slepp å sitte att med eit veldig stort lån etter studietida.

Kva er det beste med å bu i Slovakia?
Som sagt er det fantastisk å ha vakre fjell og flott natur i umiddelbar nærleik!

I tillegg ligg Slovakia midt i Europa, så enten ein vil skiferie til Alpane eller på helgetur til byar som Praha, Budapest eller Wien er det berre ein liten biltur unna.

Kva saknar du mest frå Noreg?
Det gode drikkevatnet og dei fine fjordane vi har i Norge.

Tips til andre som lurar på å studere utanlands?
Mitt tips er å berre hoppe i det! Å studere i utlandet gir deg ei unik moglegheit til å bli kjent med både eit nytt språk og ein ny kultur, og ein sitt att med både opplevingar og erfaringar som ein ikkje ville fått i Norge.